Då politikarane i Norddal kommunestyre var samla torsdag kveld, fekk dei ei oppsiktsvekkjande melding:

Norddal kommune kjem neste år til å få seks millionar kroner mindre enn rekna med i eigedomsskatt frå verk og bruk. Det skriv Storfjordnytt.

Låge kraftprisar

Årsaka til dette er låge kraftprisar dei fem siste åra. Dette påverkar verdiane av anlegga til Tafjord Kraftproduksjon, skriv avisa.

Rådmann og økonomisjef slo difor fast på møtet at det dermed blir ei svært vanskeleg oppgåve å leggje fram eit budsjett i balanse for neste år.

Eigedomsskatt

For å finne nye inntekter bad fleirtalet i kommunestyret, mot røystene til Arbeidarpartiet og Tverrpolitisk liste, å hente fram igjen ideen om å innføre eigedomsskatt for alle i kommunen, ikkje berre for verk og bruk.

Rådmannen har no fått i oppgåve å leggje fram ei sak om dette allereie på neste kommunestyremøte.

Opprettheld tilbod

Det same kommuenstyret har vedteke, også det mot røystene til Ap og Tverrpolitisk, å oppretthalde God helse-tilbodet og Frivilligsentralen.

Derimot vart det samrøystes vedteke å halvvere stillingsprosenten til flyktningekonsulenten.