Ifølgje pressemelding frå Visit Nordfjord har cruisehamna i Olden hatt 88 skip på besøk denne sesongen, med totalt 134.000 passasjerar om bord.

Dette er ein auke på 33 skip og nærare 50 000 passasjerar i forhold til 2015.

Ikkje rekordbesøk

Besøket i år ligg også godt over 2014, men likevel eit stykke unna toppåret 2013.

Då hadde cruisehamna besøk av 93 skip og 140.000 passasjerar.

Ventar auke neste år

Bookingane for 2017 ligg no på det same talet som 2016 med i alt 88 skip, men det er venta ein liten auke passasjertal i forhold til i år.

Norwegian Cruise Line sitt skip «Norwegian Jade» vil besøke Olden for første gong neste år. Og «Queen Mary 2» skal ligge ved kai i Olden over natta.

Nytt neste år er også Sea Walk på Nordfjordeid. Dette meiner Visit Nordfjord bidreg til å styrke Nordfjord som ein viktig cruisedestinasjon.