Frostating lagmannsrett har dømt kvinna i 40-åra til seks månader fengsel for mishandling av to barn.

Av dette er 120 dagar på vilkår, med to år prøvetid. Det vil seie at 60 dagar må sonast i fengsel.

Tilstår valdsbruk

Kvinna har tilstått valdsbruk mot to små barn ho hadde omsorg for, men er ikkje einig i omfanget av det ho blei dømd for i tingretten. Ho anka straffutmålinga til lagmannsretten, og anken har no ført til redusert straff.

Ifølgje tiltalen handla mishandlinga av barna om lugging, skubbing og slag mot hovud og kropp.

Lagmannsretten legg til grunn at kvinna i hovudtrekk handla slik det er omtalt både i tiltalen og tingrettsdommen, men har redusert straffa kraftig i forhold til dommen i Søre Sunnmøre tingrett.

I tingretten blei kvinna dømd til eitt år og tre månader fengsel. Ni månader av straffa var på vilkår, med to år prøvetid.

Lang liggetid hos politiet

Kvinna er førskuleutdanna og jobba tidlegare i barnehage. Dei forholda ho no er dømd for, har ikkje noko med jobben å gjere.

Ifølgje dommen har kvinna bede begge barna om unnskyldning, noko som har bidrege til å redusert belastning. Dette ser retten som formildande. Retten legg også vekt på at saka samla har lege over eitt år hos politiet. Og det har gått nærare fire år frå dei straffbare forholda tok slutt til dommen i lagmannsretten.

Forsvarar Atgeir Almestad argumenterte i retten for samfunnsstraff, men lagmannsretten ser ikkje at det ligg føre så spesielle omstende at dette kan brukast i denne saka.