Sauene hans beiter i Grøndalen og Steindalen i øvre Valldal, og mistanken blir retta mot jerven, skriv Storfjordnytt, som har snakka med fleire bønder.

– Det er påvist at to dyr er tekne av jerv i grøndalsområdet, så vi veit at jerven er her. Eg har vore på mange turar og sett etter sauene. Men du skal ha flaks skal du gå deg på jerven, seier Gjedrem til avisa.

Jarle Hauge har hatt dyra sine i Langfjellet, og har mista 15 dyr. Karl Petter Stenvåg saknar 14 lam og seks vaksne dyr. Geir Arne Myren manglar 11 dyr.

Torill Karin Kleiva fortel til avisa at ho manglar ti lam og to vaksne. Daniel Tafjord manglar 20 lam. Større tap har dei ikkje opplevd på garden før.

Les fleire nyheteir frå Indre på smp.no