Eid er i Melodi Grand Prix Junior-stemning, etter suksessen laurdag, der dei to eidajentene Vilde Hjelle og Anna Naustdal gjekk heilt til topps i konkurransen.

– Det var utruleg kjekt, og vi er så stolte, seier Kathrine Berg som er gullsmed med eigen butikk i Eidsgata.

Ny nasjonalsong for Vestlandet

Allereie før helga sette Berg opp hjarte med Anna og Vilde, for å heie på dei to eidajentene i Melodi Grand Prix junior. Måndag kom flagga opp, for å markere at jentene gjekk heilt til topps med songen «Vestlandet».

-Dette knyter folk veldig i hop. Vestlandet har fått sin nye song. Det blir nasjonalsongen til Vestlandet dette, seier Berg.

Og ho legg til:

-Teksten vekkjer kjensler, og det er bra, for det er gode kjensler, seier Berg.

Set Eid på kartet

Også gruppa Indigo Child som spelte i pausen i Oslo Spectrum, er frå Eid.

-Alle er fantastiske ambassadørar frå Eid. Viss vi ikkje blir varme om hjartet av slikt, så veit ikkje eg. Dei er verkeleg med på å setje Eid på kartet. No er det ikkje berre opera og Malakoff, men dei har teke Eid til eit nytt plan, seier Berg.

Ho legg til at dette viser kva operahuset og kulturskulen i Eid har å seie for kva moglegheiter ungane i kommunen har.

-Og det er kjekt at det gir resultat som vi har grunn til å vere stolte av, seier Berg.

Hylte av begeistring

Kathrine Berg har sjølv aldri sett MGP Junior før, men laurdag sat ho heime åleine, saman med to kattar, og hylte av begeistring framfor fjernsynet.

-Og eg har aldri stemt på noko slikt før, men no stod det berre 7-tal nedover på heile telefonen. Eg var skikkeleg øsa, smiler ho.

Berg har også bestemt seg for å ta ein tur i Operahuset måndag kveld, der jentene skal feirast.

Stemde mykje

På ein av kafeane i Eid møter vi tre Volda-studentar, som alle er frå Eid. Og alle meiner Anna og Vilde var kjempeflinke.

-Eg stemde veldig mykje, og det trur eg alle her gjorde, seier Janne Strømmen.

(Teksten held fram under bildet)

På veg til Eid måndag morgon høyrde dei songen spelt på radio, og alle tre song med. Dei meiner det er lett å få songen «på hjernen».

-Det er ein veldig fin tekst og fengjande melodi, meiner Pondus Gundersen.

Fjell og tunnel

Vilde Hjelle fekk ideen til teksten på ein tur frå Austlandet og gjennom tunnelane på Strynefjellet, og dei tre studentane meiner mange kjenner seg igjen i teksten.

-Vi blir stolt av å vere herifrå, frå Vestlandet, seier Susann Lefdal og legg til at teksten er akkurat slik som det er på Vestlandet. Det er over eit fjell og gjennom ein tunnel. Og for dei som bur på Eid er det berre bru som manglar.

Syng "Vestlandet" som allsong

Anna og Vilde er i stor grad skjerma for pressa måndag, men måndag kveld er der klart for stor fest i Operahuset Nordfjord. Ordførar Alfred Bjørlo har bestilt svær marsipankake.

-Det blir ein velkomen-heim-fest, og det blir ikkje nokon konsert med dei. Det sparer vi til fredag på kulturnatta, seier Bjørlo.

MGP junior-vinnaren «Vestlandet» skal syngast som allsong og det blir korpsmusikk.

Festen blir i foajeen på Operahuset, og alle er invitert.