Har klart å skape unikt kulturmiljø

- Operahuset og kulturskulen er kjernen i alt vi har fått til i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo etter Eid-suksessen i MGP Junior i helga.

Hyllest Ordførar Alfred Bjørlo (til høgre) trekkjer fram kulturskulen og miljøet rundt Operahuset Nordfjord. Her har ein klart å skape eit miljø som gir gode vekstvilkår for kulturlivet. Rektor Dan Aasebø i kulturskulen til venstre.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Måndag hadde ordføraren med kake til Kulturskulen i Eid og Operahuset Nordfjord, for å feire MGP Junior-suksessen med sentrale aktørar i musikkmiljøet i kommunen.

- Det miljøet ein har greidd å skape her, er veldig spesielt, både med gode lærarar og arenaer for å jobbe i lag, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid.

Jobbar godt i lag

På kaka han hadde med stod det Vilde og Anna. Det var dei som blei stemt fram som vinnarar av MGP Junior, men kaka er like mykje for dei fem medlemene i gruppa Indigo Child. Denne gruppa kom til landsfinalen i UKM og blei plukka ut til å spele i pausen på MGP Junior i Oslo Spektrum i helga.

- Vi er ein liten plass, med små ressursar, men kompenserer med å jobbe godt på tvers. Kulturskulen, vanleg skule, frivilligheit, Gymmen scene og Opera Nordfjord er krefter som jobbar godt i lag. Og dette miljøet får alle som bur her nyte godt av, seier Bjørlo.

Fartstid frå kulturskulen

Rektor Dan Aasebø i kulturskulen fortel at dei i år har rundt 300 elevar, i alderen tre til 20 år.

- Alle sju som var med i MGP Junior har fartstid frå kulturskulen, og fem av dei er elevar her i dag, fortel Aasebø.

Og han synest det var stas det som skjedde i Oslo i helga.

-Det er enormt, fenomenalt. Det har ikkje skjedd før at både pauseinnslaget og dei som vinn kjem frå same vesle bygda, seier han.

Måndag kveld blir det servert meir kake i Operahuset Nordfjord. Då er alle invitert til fest for å hylle MGP Junior-vinnarane.