Ny nestleiar i Senterungdomen

Ingrid Nerås Krogsæter (22) frå Haram er ny nestleiar i Senterungdomen.

Ingrid Nerås Krogsæter er ny nestleiar for Senterungdomen.  Foto: PRESSEFOTO

Nyheter

Det var på Senterungdomen sitt landsmøte i helga at Krogsæter vart vald til ny organisatorisk nestleiar for organisasjonen, melder lokallaget i ei pressemelding.

Til dagleg er Krogsæter lærarstudent i Volda, og ho har fleire verv i Senterungdomen. På fylkesårsmøtet vart ho politisk nestleiar for fylkeslaget.

– Når ho no i tillegg tek på seg vervet som organisatorisk nestleiar for heile organisasjonen, vitnar det om eit stort engasjement og ei fantastisk drivkraft, seier fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterungdom, Sondre Ormset, i pressemeldinga.

Krogsæter har vore aktiv i Senterungdomen sidan 2010.