– Uforgløymeleg, var ordet Vilde Hjelle (13) brukte då ho skulle skildre opplevinga i hovudstaden sist helg. Frå å vere to vanlege jenter frå Eid og Haugen blei dei brått stjerner. Det var litt Beatles-tilstandar då dei kom til feiringa i Operahuset, der det var kake, gåver, talar og direkteoverføring i NRK Vestlandsrevyen.

Og sjølvsagt allsong av «Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru og der bur du…», den enkle og treffande teksten som fortel om kor bra det er å bu på Vestlandet.

Ingen talde, men det var sagt at over 1000 menneske var til stades. Det var i alle høve fullt i vestibylen på Operahuset.

Alle gjekk trallande heim på den iøyrefallande vestlandshymnen som førte eidajentene til topps i MGPjr midt i beste sendetid laurdag kveld.

Får tilpassa skuleopplegg

Sunnmørsposten fekk ein kort prat med jentene midt i hysteriet. Dei kunne fortelje at skuledagen ikkje hadde vore heilt som vanleg.

– Vi var på skulen, det er viktig at kvardagen blir så normal som råd, meiner Anna Naustdal (12).

Også for foreldra kom ståheien brått på. Men dei har foreldre som er vande å organisere, far til Anna er Malakoff Rockfestival-general Arnt-Ivar Naustdal.

Vilde fortel at skuledagen likevel ikkje vart heilt normal. Mange ville prate om hendinga. Kvardagen blir ikkje som vanleg framover heller.

– No skal vi på turné med dei andre finalistane i MGPjr rundt i heile landet. Først skal vi vere to veke på turné, så kjem vi heim i tre dagar, før det er to veke på turné igjen, fortel Anna.

– Vi får tilpassa undervisningsopplegg på skulen, fortel Vilde.

Blomstrande kulturskule

Både ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune og fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane takka duoen.

– Vi er veldig glade i dykk, det hadde vi vore uansett. Og de skal vite at uansett kva som skjer skal de kunne kome tilbake hit og vere dykk sjølv. For inni dykk er de dei same sjølv om de har vunne MGPjr, sa Bjørlo som sjølv var til stades på finalen i Oslo. Han trekte og fram arbeidet som blir gjort i kulturskulen i kommunen.

SVINGA: «…Håpar du veit kor heldig du e du bur på Vestlandet!» Kultursjef Geir Holmen (t.h.) og ordførar Alfred Bjørlo leia an jubelen då Vilde og Anna heldt allsong. Fredag kan ein høyre dei igjen i samband med Kulturnatt. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
AUTOGRAFAR: Ikkje alle 12-åringar som må skrive autografar. – No gjeld det at kvardagen blir så normal som mogleg, seier Anna Naustdal. Foto: Jørn-Arne Tomasgard