Stillingsannonse for prest: «Opplysingar om samlivsform vil kunna verta vektlagde»

Ei presteannonse i Nordfjord har skapt reaksjonar.

KYRKJE: Stillinga som prostiprest/sokneprest i Hornindal (biletet), Nordsida og Randabygda er no lyst ledig. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET 

Nyheter

I annonsen til ei ledig soknepreststilling står det nemleg: «Opplysingar om samlivsform vil kunna verta innhenta og vektlagde ved tilsetting.»

Helene Langeland, prest i Lærdal, seier til NRK Sogn og Fjordane at det er trist at ho kan bli diskriminert på grunn av sin sambuarstatus.

Langeland er sjølv skilt og har no ein ny sambuar. Ho trur ikkje det er vits for ho å søkje ny jobb i Bjørgvin bispedøme slik stillingsannonsane er formulert. Ho meiner ein burde legge større vekt på det faglege, framfor det personlege.

Sokneprest i Luster, Geir Paulsen, er ueinig:

– Ein prest blir ikkje berre tilsett basert på utdanning, praksis, tal og karakterar. Om ein er personleg egna er ein særdeles viktig faktor i tilsettinga av ein prest, seier han.