Fylkesmannen i Møre og Romsdal har brukt om lag 900.000 statlege miljøvernkroner på grøfting, steinlegging og klopper på stien til Kaldekloven.

– Dette er eit tiltak for både folk, fugl og naturen elles, seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen i ei pressemelding.

(Teksten held fram under bildet)

Lett å sjå slitasje

På Runde er det både fuglefredingsområde med restriksjonar på kvar folk kan ferdast i hekketida. Her er òg myr-naturreservat.

Med eit stadig aukande tal besøkande er det lett å sjå slitasjen på stiane. Når det er vått og gjørmete, vel ofte turgåarane å gå utanom, og det blir både større nedtrakka område og nye stiar.

–Så av omsyn til naturen er det ønskeleg å styre ferdsla slik at ein i minst mogleg grad uroar fuglelivet og ikkje trakkar ned for store område, heiter det i pressemeldinga.

(Teksten held fram under bildet)

Fylkesmannen, som forvaltar av verneområdet, er òg oppteken av å ønske dei besøkande velkommen til å oppleve Runde på ein god måte.

–Vi håper den nyrestaurerte stien blir sett pris på av både folk lokalt og tilreisande, seier Betten.

Han fortel vidare at viss det vert løyvd midlar, så vert ei ny stistrekning utbetra neste år.

Frakta med helikopter

Sandal AS frå Volda har utført arbeidet på den nesten ein kilometer lange stistrekninga på Runde.

Fleire tonn med steinheller er frakta ut med helikopter og lagt godt tilpassa i terrenget. Ved hjelp av ei mindre gravemaskin er det grøfta og samstundes utført mykje arbeid for hand. Fleire mindre klopper er bygd for å leie turgåaren så tørt som mogleg fram.

(Teksten held fram under bildet)

På delar av stistrekninga til Runde Fyr er det dugnadsfolk frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening som har lagt ned stort arbeid siste åra. Også her har miljøvernstyresmaktene bidrege med økonomisk støtte.

Minst 30.000 årleg

Minst 30.000 personar besøker Runde kvart år, og det er tydeleg å sjå at fugleøya blir mykje brukt som turområde av folk på Ytre Søre Sunnmøre i tillegg til alle tilreisande.

– Når ein held seg til stiane og respekterer ferdselsrestriksjonane så er ikkje turgåaren noko stort trugsmål for fuglelivet, seier seniorrådgjevaren som ønsker folk velkommen til å oppleve og lære meir om fuglelivet på Runde.