Sette hjul frå sekketralle på bilen

Ein mann i 50-åra fann ei vel kreativ løysing, då bakakselen på bilen blei øydelagd.

Søre Sunnmøre tingrett i Volda. ARKIV  Foto: KNUT ARNE AARSET

Nyheter

Ei natt i august stoppa politiet i Volda ein bil som dei meinte ikkje var i forsvarleg stand.

Det som fungerte som bakhjul på bilen var nemleg hjula til ei sekketralle.

Må møte i retten

Føraren av bilen, ein mann i 50-åra,  må no møte i Søre Sunnmøre tingrett etter å ha nekta å betale eit førelegg på 15.000 kroner.

Ifølgje førelegget hadde bilen øydelagd bakaksel og hjuloppheng. Hjula til sekketralla var påmontert ei jarnramme, som bakakselen på bilen var senka ned i og som fungerte som bakhjul på bilen.

Påverka bremser og styring

Politimeisteren i Møre og Romsdal meiner dette strir mot lova sitt krav om ikkje å bruke ein bil med mindre han er i forsvarleg stand.

Han meiner også køyringa påverka både styrings- og bremseeigenskapar på bilen og at dette er brot på vegtrafikklova sitt krav om å ferdast «hensynsfullt, aktpågivende og varsom».