To fastbuande får ikkje lenger ferje

Fjord1 tek ikkje sjansen på å bruke ferjekaia på Skår framover.

Skår sett frå sjøen. Gardane til venstre og Skårelva til høgre. 

Nyheter

Det melder Møre-Nytt. Tysdag informerte Fjord1 om at alle anløp til Skår i Hjørundfjorden utgår frå i morgon, onsdag, skriv avisa. Årsaka er at ferjekaia er i for dårleg stand til å bli brukt.

Sistemann på Skår

Asbjørn Skår (67) har levd heile livet sitt i den veglause bygda Skår i Hjørundfjord. No fryktar han at det vert kroken på døra, og plasserer ansvaret hos «naturvernarar».


– Ferjemannskapet fryktar at det kan oppstå skade på propellen eller ei anna form for ulykke om ferja held fram med å gå til Skår.

Det er aktuelt å ta opp att anløpa til Skår så snart nødvendige sikringstiltak er gjort. I mellomtida blir løysinga å bruke skyssbåt mellom Skår og Sæbø.