Per Sævik har tru på at Donald Trump vil vise seg som ein verdig president i USA den neste perioden.

– Personleg tenkjer eg slik at ein del av dei ville utspela som Donald Trump har kome med å valkampen, vert plassert i fjernarkivet rimeleg fort, og at vi får ein president som viser seg å vere embete verdig. Det er no ein gong slik at den Gud gir eit embete, gir han også forstand, så eg har god tru på at dette går greitt, seier Sævik i ein kommentar til at republikanaren gjekk av med sigeren i presidentvalet.

Les kva andre i lokalt næringsliv meiner om USA-valet

Han undrar seg over at meiningsmålingane ikkje makta å fange opp resultatet på ein betre måte, men fryktar ikkje konsekvensane for næringslivet som skal drive business med amerikanarane dei fire neste åra.

– Eg trur at ein del av retorikken som har vore brukt i valkampen, ikkje er gangbar politikk. Og ein kvar president har eit betydeleg apparat rundt seg som har kompetanse på mange av dei aktuelle områda. Eg trur framtida vil vise at Amerika fekk ein president ein er godt tent med, legg han til.

(saka held fram under)

– Personleg legg eg ikkje skjul på at dei republikanske verdiane ein ventar Trump vil stå for, er meir i pakt med mitt personlege syn, enn det demokratane står for, fortel han.