I 9-tida var det berre tre studentar og ein førsteamanuensis att på valvaka på Studenthuset Rokken i Volda.

– Men det har vore mykje folk her, så interesssa er stor, seier Alf Tomas Tønnesen. Han er førsteamanuensis i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Fram til nyleg hadde han også presidenttittel - i foreininga «American Studies Association of Norway»

– Eg hadde spådd at det skulle bli jamnt, men hadde nok trudd at Clinton skulle få ein knapp siger. Så eg er litt overraska ,men ikkje sjokkert, seier USA-eksperten

–I sosiale media vert det vitsa med at mange USA-ekspertar no bør finne seg noka anna å gjere?

– Ha, ha. Eg for min del meiner bestemt at eg aldri har sagt at Clinton kjem til å vinne!

(Teksten held fram under bildet)

Trump har truffe

Tønnessen påpeikar at det alltid har vore stor skepsis mot sentrale styresmakter i USA.

– Mange har følt seg gløymde av begge partia. Og her har Trump truffe med sitt hovudbodskap, seier Tønnessen.

– Kva vil skje i USA no?

– Det er eit potensial for høgredreiing, og skattelette, spesielt for dei rike. Og så vert nok miljøregelverket svekka. Og her i Europa er det nok ei viss nervøsitet i Nato-landa i Baltikum.

I det intervjuet pågår kjem visepresident Mike Pence på podiet.

– Han får ei viktig rolle. Det er nok han som kjem til å styre. Og han er dyktig, seier USA-eksperten i Volda.

Redde studentar

I ein sofa sit dei tre siste studentane som er på valvaka. Stemninga kunne vore betre. Ei av dei er Synne Lillenes, som studerer teater og drama.

– Dette er maks drama, seier ho.

På storskjermen har den komande presidenten i USA byrja på sin tale.

–Dette kjem aldri til å gå bra, kjem det frå sofaen.

– Kva er de redde for?

– Det opebare hatet mot alt som er framandt, og mot kvinner, seier Synne Lillenes.

USA-ekspert Tønnessen tar det rolegare.

–Men det er bekymringsfyllt, og spesielt, seier Alf Tomas Tønnessen.