Tre nye bøtelagde ved skule

Kanskje trudde bilistane dei var trygge på torsdag, sidan politiet hadde kontroll også dagen før. Der tok dei i så fall feil.

Det har vært en del diskusjon i lokalmiljøet om at dette skiltet ikke blir respektert.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

I Bakkegata ved Ulstein ungdomsskule har politiet dei siste dagane stått klare til å ta bilførarar som ikkje tek omsyn til skulebarn og trafikkreglar på staden: Mange overser nemleg skiltet som seier at det gjennomkøyring er forbode på morgonen, medan elevar er på veg til skulen.

Torsdag morgon blei tre bilførarar bøtelagde med bøter på 4200 kroner.

Også onsdag morgon blei tre bilførarar bøtelagde av politiet for å ikkje ta hensyn til skiltet.

– Det er dyrt å ikkje vise hensyn til skolebarna på staden, skreiv politiet på Twitter etter aksjonen.