Om to månader skal dei ha ferdige avtalar. Først no har dei hatt sitt første felles forhandlingsmøte. Der kravde begge å få kommunesenteret.

– Dette kom det ingenting nytt ut av, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

Parallelt med at forhandlingane held fram, vil han snakke vidare med Vanylven i nabofylket, og med Eid kommune.

– No vil eg snakke vidare med Eid og Vanylven på ordførarnivå for å kartlegge, seier Selje-ordføraren. I Selje er det fleire politikarar som vil inn i ein region på Møre.

– Ein region frå Rogland til Sogn og Fjordane vil nok utfordre oss sterkt. Det vil vere lettare å få ting til om heile eller delar av Sogn og Fjordane går nordover, seier Osdal.