– Ideen fekk eg fordi eg bur like ved ei stor lakseelv her i Stordal, fortel Vikenes.

Han såg nemleg at laksen berre lever av larver og insekt dei første tre åra – av små kryp som er stappfulle av protein.

NorInsect

PROPPFULLE: I kvar av desse plastkassene har Peder Stavdal Vikenes 25.000 larver, proppfulle av protein. Han meiner dette vil bli ypparleg fiskefôr. Foto: Nils Harald Ånstad

Det var spiren til det nystarta selskapet NorInsect AS som for 14 dagar sidan flytta ut frå huset til Vikenes og inn i meir eigna lokale i Stordal Næringsbygg.

Måndag hadde han og prosjektleiar Harald Espeland besøk av ein delegasjon med stortingspolitikar Else-May Botten (Ap) og ordførar Eva Hove (Ap) i spissen.

– Akkurat no er det ca. ein million larver her. Men målet er å kome opp i minst ein milliard, fortel Vikenes og viser fram dei små krypa som ber namnet sitt med rette.

I store delar av verda er insekt normal menneskeføde. I Kongo, til dømes, får dei 40 prosent av proteintilskotet sitt gjennom å ete insekt.

Vikenes satsar i første omgang på å utvikle larver som kan bli til dyrefôr, ikkje minst i oppdrettsnæringa – til dømes til anlegget som Norsk Sjømat ønsker å etablere i Stordal.

Dyremat

Storetarar Mjølorm-larvene i Stordal et alt dei blir serverte, slik som gamle brød, bananar og poteter. Foto: Nils Harald Ånstad

Når larvene har nådd ein viss størrelse, blir dei slakta ved nedfrysing – og endar som dyremat. Også avføringa til larvene ser NorInsect nytte i.

– Avføringa er full av næring og er perfekt som plantegjødsel. Den er stappa med energi, og blir som ein «Red Bull» på ein rosebusk, smiler Vikenes.

I dag fôrer han larvene med gamle brød og bananar som dei gomlar i seg. Men Vikenes har andre planar for menyen:

– Eg ser for meg at larvene skal ete lakselus, fortel han.

– Dette er utruleg spanande. Kan larvene ete lakselus, før dei sjølv blir til mat for laksen, så er jo ringen slutta, seier ordførar Eva Hove.

Lys i husa

Imponert Stortingsrepresentant Else-May Botten vart orientert om NorInsect sine planar av eigar Peder Stavdal Vikens (i midten) og prosjektleiar Harald Espeland i Vekst i Stordal. Foto: Nils Harald Ånstad

Ho synest det er flott at bygda har gründerar som no er med på å få lys igjen i tomme industribygg i Stordal.

Partifelle Else-May Botten er einig:

– Dette er eit prosjekt eg trur på. Og det vil styrke Norsk Sjømat sin søknad om oppdrett av laks i Stordal, seier Botten.