No har Stranda kommune, med næringssjef Inge Bjørdal som prosjektleiar, fått 250.000 kroner frå staten til eit forprosjekt som har fått tittelen «Hellesylt hydrogen.»

– I området har vi fleire småkraftverk med eit uforløyst potensial på grunn av for dårlege overføringsliner til Nordfjord. Vidare er det komne inn tre nye søknader om å starte småkraftverk, fortel Inge Bjørdal.

Fleire spørsmål

Kan denne krafta nyttast til å lage hydrogen? Og er det mogleg å gjere seg nytte av denne hydrogengassen lokalt? Det er spørsmål dei no ønsker å få svar på.

Stranda kommune har allereie vedteke ei målsetting om fem prosent reduksjon i klimagassutsleppa i kommunen innan 2020. Det blir ikkje lett, når ein veit at trafikken aukar både på fjorden og på land.

Difor vil dei med dette prosjektet sjå på moglegheitene for bruk av hydrogen som alternativ energikjelde.

Bjørdal fortel at primært er det sjøtransporten, mellom anna ferjedrifta, dei vil greie ut. Men også landtransporten vil ein sjå nærare på, til dømes bussar drivne av hydrogengass.

Og i denne samanhengen er det altså snakk om lokal produksjon av hydrogen, og lagring ved kaia på Hellesylt, ein mellom anna vil sjå nærare på.

Andre tema ein vil studere nærare gjennom prosjektet er marknad for hydrogen, distribusjon, organisering, økonomi og sikkerheit.

Medspelarar

Stranda kommune har fått med seg mange sterke aktørar som samarbeidspartnarar i dette utgreiingsarbeidet. Både Hexagon, Tussa, fylkeskommunen, verdsarvstiftinga og Bellona er mellom dei som er med.

– Det er eit spanande initiativ næringssjef Inge Bjørdal har teke i denne saka, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp).

I tillegg til miljøgevinsten ser han også for seg at hydrogenprosjektet skal gje folk arbeid.

– Jau, dette vil i høgste grad kunne gje Stranda nye arbeidsplassar, stadfestar Inge Bjørdal.

Men han legg til at enno er det berre snakk om eit forprosjekt der ein skal undersøke om dette er vegen å gå, og om det kan gje Geirangerfjorden eit klimaløft.

LEIAR: Inge Bjørdal, næringssjef i Stranda kommune, er prosjektleiar for hydrogenutgreiinga. Foto: Petter Sandvik