Selskapet  gjennomgår ein kraftig omstillingsprosess som konsekvens av endra marknadstilhøve og redusert aktivitet for offshore servcie skip.

Minus 36 mill. kronar

Tal frå proff.no syner at FOSAC i 2015 hadde eit driftsresultat på minus 36 millionar kronar.

Som konsekvens har selskapets styre no gjennomført nødvendige grep for å restrukturere selskapet og etablere eit godt grunnlag for vidare drift.

Selskapet har i denne prosessen hatt god hjelp av sine kreditorar: Innovasjon Norge, Sparebank1 SMN samt Offshore Simulator Centre for å få en god løysning på plass, heiter det i ei pressemelding.

Styrka eigenkapital

– Dei lokale rederia trur framleis på akademiets eksistens og ser viktigheita av å oppretthalde aktiviteten og tilbodet til dei maritime og marine næringane. Ytterlegare kapital er tilført for å styrke selskapets eigenkapital, ifølgje styreleiar Karsten Sævik.

Han er svært glad for at Sølvtrans no kjem inn på eigarsida og tilfører selskapet kompetanse innanfor det marine verksemdsområdet.

– Sølvtrans vert rekna som eitt av dei leiande selskapa innan sitt segment, og vil gjennom FOSAC få høve til å trene sine operatørar til å bli best i håndtering og transport av levande fisk, seier han.

Styremøte torsdag

Torsdag føremiddag pågår styremøtet i FOSAC. Sølvtrans, Olympic Shipping, Havila Shipping og Remøy Shipping går vidare i selskapet som likeverdige eigarar. Bourbon Offshore Norway går ut, dei hadde ein eigarandel på 22,67.

–­ Sølvtrans ser viktige gevinstar ved å bruke FOSAC som utviklings- og øvingsarena, seier adm.dir Roger Halsebakk i Sølvtrans i ei pressemelding.

– Vi skal vidareutvikle oss og ligge i front for å tilby oppdrett- og havbrukskundane våre sikker operasjon og riktig kvalitet. Brønnbåtoperasjonar er krevjande og spesielle, og det er komplisert å handtere levande dyr på riktig måte.

Ein jobbar vidare med å finne fleire potensielle verksemdsområde som kan dra nytte av selskapets fasilitetar og kompetanse.

Søker seg inn på nye område

Havbruk og brønnbåtoperasjonar er altså eitt av dei nye områda dei søker seg inn i som supplement til offshore.

Etter virkningsfulle eksempel frå offshore-rederia sine satsingar på simulatorøvingar søkjer Sølvtrans å etablere kurs- og treningsmiljø der mannskapa kan utfordre både seg sjølv, oppdrettarar og utstyrsleverandørar for ytterlegere forbetringar.

Etter grunnleggjande utvikling og grundig testing vil treningsløysingane gradvis bli lansert og gjort tilgjengeleg for andre operatørar i denne næringa.

– FOSAC tilbyr også videregåande skular og andre aktørar i bransjen til samarbeid om å bruke ressursane til undervisning, vidareutvikling og forbetring av utstyr, skipsdesign, oppdrettsanlegg og operasjonsmønster.

Det ligger et hav av muligheter der ute, esier Håvard Stave i Fosnavaag Ocean Academy.