Tindekvindene skaper turglede og kvinnenettverk på sitt eige feminine vis.

– Kjolane er berre ein gimmick vi har når vi når fjelltoppane. Ingen må skifte til kjole, men det er mange som leitar plagget fram frå ryggsekken og tek den på i allslags vêr. Det blir mykje moro av kjolane, men det viktigaste med turane er flotte naturopplevingar og det spesielle kvinnefellesskapet.

Det er gründerane av Tinde-kvindene, Hilde Maria Nicolaisen og Birgitte Fondevik, som seier dette. Dei to hadde aldri trudd at ideen som vart fødd på ein dametur i Molladalen i 2011, om å skape eit ope forum for kvinner som likar å nå høge fjelltoppar, skulle gripe slik om seg å bli så populært. På same turen gjekk damene seg på Cecilie Skog, som der og då sa ja til å bli Tindekvindene sin høge beskyttar, og vel heime i Ulsteinvik vart Facebook-gruppa oppretta.

– Det som starta med fem damer på tur er no blitt eit nettverk som tel 1.096 turglade damer. Vi har avleggarar både i Bodø, Bergen og andre stader i landet. Det er flott at nettverket spreier seg slik at stadig fleire damer får ta del i fellesskapen og utforsking av fjell og høge toppar, seier Birgitte Fondevik

Bokaktuelle

I løpet av dei fem åra som har gått har Tindekvindene stukke ein stav med kjole på i staden for flagg, på stadig nye erobra toppar. Og no er turdamene bokaktuelle der dei gir sin Seven Summits-versjon:

I «Tindekvindene, Seven Summits Sunnmøre: sju skiturar, sju fotturar og 14 livshistorier» byr dei på opplevingar frå skiturar som til dømes Kolåstinden (1432), Kvitegga (1691), Skårasalen (1542) og fototurar til Jakta (1588), Slogen (1564) og Store-Smørskredtind med sine 1631 meter over havet.

Sterke historier

Bok: No gir Tindekvindene ut bok som Birgitte Fondevik, Cecilie Brungot, Hilde Maria Nicolaisen, Elin Gullhav Moltubakk og Irina Sævik håper vil inspirere fleire damer til å bli med på fjelltur.

Og i boka blir dei fjorten turane skildra av fjorten Tindekvinder, som fortel om liva sine som har innehalde tap av ektemenn, anoreksi, slanking, høgdeskrekk og andre utfordrande situasjonar.

– Det har vore veldig kjekt å treffe desse flotte damene, og få innblikk i korleis fjell og natur har hjelpt dei gjennom motbakkar i livet, til dette sterke og inkluderande fellesskapet desse kvinnene har klart å skape.

Det seier Asle Geir Widnes Johansen som har skrive boka om Tindekvindene.

Sjå også: Fotograf Ma Ortiz: – Dei kopierer meg