Orreneset Misjonssenter har no fått frist til 20. desember med å få på plass eit reinseanlegg som verkar.

I oktober fortalde rådgjevar Karl Johan Stadsnes i Sykkylven kommune at det var funne alarmerande høge konsentrasjonar av tarmbakteriar i avløpsvatnet frå misjonssenteret.

– Mengda av tarmbakteriar er mange gonger høgare enn det som er akseptabelt, sa Stadsnes til Sunnmørsposten.

Joar Olav Grøtting, dagleg leiar i Rense & Miljøteknikk AS, som er engasjert av misjonssenteret til å rydde opp, har varsla kommunen at nytt utstyr er bestilt frå England. Dette gjeld styringsskap og doseringspumpe.

Karl Johan Stadsnes skriv at 20. desember er vedtaksdato for eventuell tvangsmulkt om anlegget ikkje er ferdigstilt.