Det skriv avisa Fjordenes Tidende.

Det er familieselskapet Brothers AS ved Gunnar og Evelyn Carlson som formelt har kjøpt veftet frå det islandske selskapet Mallard Holding. Dei har drive verftet sidan 2012.

Carlson seier til Fjordenes Tidende at dei tilsette ved verftet vart orientert om eigarskifte på eit møte torsdag.

I intervjuet med avisa vil ikkje Carlson seie så mykje endå om kva som er planane for verftet, utover at det skal bli aktivitet der.

Ny sjef

Det er ni tilsette ved verftet som har drive med nybygg, ombygging og reperasjonar av fartøy. Alle desse blir med vidare. Det er også klart kven som skal inn som ny sjef for verftet, men det blir ikkje offentleg for ut i neste veke.

Jón Thorvardarson som har vore dagleg leiar ved verftet sidan 2013 er ute av selskapet.

- Eg kan ikkje berre sitte stille å sjå på at aktiviteten dør hen, og det heile ramlar ut av lokale hender. Aktiviteten ved verftet har vore dalande siste åra. No blir jobb nummer ein å finne oppdrag. Det blir ikkje enkelt i ein tøff marknad. Men den utfordringa må vi ta, seier Carlson til Fjordenes Tidende.

Båtbygg

Med dette oppkjøpet er Gunnar Carlson, som har bygd opp verftet Båtbygg på Raudeberg, inne på eigarsida i endå eit lokalt verft.

Måløy Verft hadde i 2012 64 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 6 millionar kroner før skatt.

I 2015 var inntektene på 14 millionar kroner og eit resultat på minus 275.000 kroner før skatt.