Her spør Ruth Mari Geitvik Kjalnes om det er nokon som er åleine på julaftan, men som heller vil kome på besøk til Vartdal i staden. Då kan dei ta kontakt med henne.

– Dagen etter at eg hadde lagt ut annonsen kom eg på at eg ikkje hadde spurt mamma. Eg tenkte det kanskje kunne vere ei overrasking. Men så fortalde eg kva eg hadde gjort. Ho fekk først hakeslepp, ler Ruth Mari.

Litt sett ut

– Ja, eg vart litt sett ut. Men så gjekk det opp for meg for ei fantastisk jente eg har, med eit så stort hjarte. Så eg er verkeleg kry av henne, seier mamma Elin Kjalnes – som likevel er glad for at ho fekk vite om julebesøket før 24. desember.

Ho og resten av familien ser no fram i spaning på å kunne ønske ein framand velkomen til bords på julaftan.

I annonsen fortel Ruth Mari at ho kan tilby ein triveleg og uhøgtidleg familie som på julaftan vil bestå av «tre elskverdige, men helt forskjellige søstre, en sjarmerende lillebror, min mor som er den varmeste personen jeg kjenner, og selvfølgelig min fantastiske bonusfar».

Sjølv får ikkje Ruth Mari vere med på middagen julaftan. Ho er fiskar om bord på «Ramoen», og for første gong må ho vere på båten i jula. Dei planlegg å drive fiske rundt Bjørnøya på denne tida.

– Korleis kom du på å tilby ein plass ved middagsbordet?

– Eg såg at mamma var lei seg fordi eg skulle vekk, og tenkte at kanskje ein annan kunne ta min plass. Og det er jo folk som kanskje ikkje har lyst til å sitje åleine denne kvelden.

Avslappa stemning

– Kva står på menyen?

– Då er det pinnekjøt, rabbestappe, poteter og pølse. Og riskrem til dessert.

– Korleis blir resten av julekvelden på Vartdal?

– Det pleier alltid å vere ei svært avslappa stemning. Vi er ein familie som er ulike, men som har det kjekt saman. Det er alltids noko å snakke om.

Ruth Mari seier at alder eller kjønn har ikkje nokon betydning for å melde seg som interessert.

– Korleis blir det for deg å feire di første jul heimanfrå?

– Det går fint. Då gler eg meg berre endå meir til neste jul.