Klokka 11.30 mandag la regjeringa fram sin strategi mot hatefulle ytringar.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) reagerer kraftig på det han meiner er dobbeltmoral blant Frp sine statsrådar.

- Det fløymer over av faenskap, hets og hatretorikk på Frp-statsrådane sine Facebook-sider. Kommentarar der innvandrarar blir omtala som apar, afrikanarar som fødemaskiner og det blir antyda støtte til "borgarkrig" - dette er berre noko av det som har fått ligge ute på Listhaug og Sandberg sine profilsider, utan at dei har tatt til motmæle, skriv Fredric Holen Bjørdal på sin Facebook-profil.

- At regjeringa no skal gå ut og "bekjempe haterne" er så dobbeltmoralsk at det er til å bli kvalm av. Ta ansvar for å rydde opp i eigne rekker først! skriv han vidare.

Dobbeltmoral

Holen Bjørdal presiserer over for smp.no at han synest det er flott at Regjeringa legg fram ein strategi for å bekjempe hatretorikk og hets på nett.

- Min kritikk går på dobbeltmoralismen her. Fleire av likestillingsminister Solveig Horne sine kollegaer har FB-sider med regelrett grums. Og dei lar det få stå uimotsagt. Med det lar dei sidene sine bli grobunn for hets og grums, meiner Ap-politikaren.

Som Frp-statsråd bør ein ordne opp i eigne rekker før ein skal være moralsk veileder for andre, meiner han.

- Kva kontroll har du på dine eigne sider?

- Eg sletter ikkje ting eg er uenig i. Eg er opptatt av ytringsfrihet. Men eg lar ikkje ting stå uimotsagt. Hvis det er rein personhets, så kan jeg kanskje slette innlegga. Det viktigste er at ein ikkje gir grumset fullstendig frislepp. Ein må ta redaktøransvar for eigne sider, seier Fredric Holen Bjørdal.

- Trist

Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik seier det er trist at Fredric Holen Bjørdal legg seg på eit lavt nivå når han skal diskutere eit problem.

- Vi forsøker å reinske opp i våre offisielle sider heile tida. Der finn vi og upassande kommentarar frå Ap-tilhengarar. Den førre regjeringa tok ikkje tak i problemet med netthets, så det er trist at han angrip ei regjering som faktisk har fokus på problemet, seier Harald Tom Nesvik til smp.no.

Nesvik meiner det er trist at Bjørdal ikkje ser forskjell på opne offisielle Facebook-sider og private.

- Sylvi Listhaug har for eksempel over 93.000 aktive følgjarar, og på ei slik side klarer ein ikkje alltid å umiddelbart rydde opp i uønska ytringar. Vi forsøker å røkte sidene så godt vi kan. Sylvi Listhaug har gang på gang tatt avstand fra dei som krenker andre og går langt over streken, påpeiker han.