Nyheita «Satsar tungt på supply» i Sunnmørsposten desember 2011 blei nok lest med interesse rundt mange lunsjbord i den maritime klynga.

At det Shanghai-baserte Sinopacific Shipbuilding hadde landa ein «gigantavtale med skipsreiar John Fredriksen» med utgangspunkt i sitt nye Fosnavåg-kontor, var ikkje berre oppsiktsvekkande – men fleire blei nok også smått urolege over kva den nye utfordraren i klynga kunne finne på.

Ole Zahl var mannen som blei handplukka til jobben med å leie Europa-kontoret til Sinopacific-gruppa.

– Vi møtte ein forståeleg skepsis, og fleire såg oss om ein trussel, mellom anna fordi vi starta med eige design. Vi gjorde ting på våre premissar, og tilsette folk som jobba med å få ned kostnader. Men til sjuande og sist gjorde vi også mykje business med selskap som til dømes Rolls-Royce og Ulstein. Så mykje av skepsisen var feil og burde vore sett på som ei mogelegheit, i staden for ein trussel, seier Zahl.

(saka held fram under)

«Fantastisk eventyr»

Fem år etter starten er satsinga konkurs, og blei aldri ein reell trussel mot dei norske aktørane i marknaden. På det meste var Sinopacific Norway seks-sju tilsette og omsette for 15 millionar i 2012.

Ole Zahl har tidlegare vore skipper i offshore, og hatt leiande posisjonar i Havyard Group og Ulstein Group. Sjølv om Zahl omtaler det heile som «eit fantastisk eventyr», er det ikkje tvil om at avslutninga blei lite hyggeleg.

I bustyrar Linda Brevik si sluttberetning kjem det tydeleg fram at avslutninga på Norges-eventyret til den kinesiske gründeren Simon Liang, blei prega av strid mellom dotterbedrifta og eigaren.

Zahl slutta i selskapet allereie for eitt år sidan, og gir uttrykk for at han er lei og ferdig med saka:

– Det er skjedd ein del ting i ettertid som ikkje har gagna meg, slår han fast.

Pengekrav

Ein av desse «tinga» er pengekravet han fekk frå sitt eige styre. I rapporten står det omtalt eit «påstått krav» mot den tidlegare daglege leiaren. Ein norsk-kinesisk kontaktperson hevda Zahl tok opp ulovleg lån, og overførte pengar utan avtale. Saka blei også meld til politiet. Bustyrar Linda Brevik påpeiker etter at ho har vore i kontakt med Zahl, at det er fleire uavklarte spørsmål om korleis dette hang saman.

– Eg har dokumentert alt eg har gjort, og politiet har gått gjennom det og lagt vekk saka, seier Zahl.

Bustyrar viser også til at det norske selskapet hadde fleire millionar i uteståande inntekter frå eigarselskapet som ein ikkje så nokon vits å jakte på. Etter at selskapet gjekk til skifteretten i sommar, er det meldt inn knappe 600.000 kroner som det ikkje er dekning for i buet, og rekneskap for 2014 manglar.

Angrar ikkje

Bustyrar konkluderte overfor Sunnmøre tingrett at det ikkje hadde hensikt å halde fram med bubehandlinga, noko retten tok til følgje den 5. oktober. Seinare same månad la også politiet vekk saka.

Zahl legg ikkje skjul på at det har vore ein tung prosess, også personleg. Likevel ville han ikkje vore erfaringane forutan.

– Å jobbe med Simon var kjempemoro, seier Zahl som trur den kinesiske gründeren ikkje har vore fullt orientert om situasjonen i det norske selskapet undervegs.

Nordmannen er full av beundring for kva kinesarane får til, men han ser også skilnader.

– Eg har sagt at kulturen i Kina er slik at alle jobbar for seg sjølv, medan vi i vår kultur er meir lojale mot arbeidsgjevaren. Kanskje spesielt her på Sunnmøre, seier Zahl.

Prisforskjellen vekke

At Sinopacific Norway ikkje hadde noko lys framtid, fortalde Zahl til Sunnmørsposten allereie ved inngangen av 2015. Dollaren var på opptur og det lønte seg ikkje lengre å bygge i Kina. Samstundes slo oljenedturen inn for alvor. Det norske selskapet fekk aldri ei ny kontrahering etterpå. Og i Kina var eigarselskapet Sinopacific Shipbuilding på veg over ende.

– Simon (Liang) har jobba knallhardt, og fortener suksess, men han blei råka av nedgang i tre ulike marknad samstundes; offshore, bulk og gass, seier Zahl.

Ei pengekjelde

Zahl og medarbeidarane i Fosnavåg la til rette avtalane og fekk kommisjon for jobben. Til saman mekla dei kring 20 skip i løpet av desse åra. Om lag halvparten gjekk til John Fredriksen-selskap.

– Mesteparten av kommisjonen kjem når båten blir levert. Vi hadde lenge grei økonomi, men når du berre har ei pengekjelde, og den stoppar opp, så er du sjakk matt, seier Zahl, som no livnærer seg i eige konsulentselskap.

– Eg prøver å overleve i næringa, men har framleis kapteinspapira om det skulle knipe, seier han med ein kort latter.