Han meiner at heile det lokalpolitiske systemet er rigga slik at det best passar for folk som jobbar deltid.

– Dei fleste foreldre i dag jobbar fulltid. Når svært mykje tid på ettermiddagar og kveldar går til politiske møter og saksdokument, vil mange kjenne at dei ikkje kan følge opp ungane sine godt nok.

Tennfjord meiner at dette er eit demokratisk problem, og spør:

– Skal kommunane våre styrast av byråkratar eller politikarar? Dersom svaret er det siste må i det minste dei folkevalde med dei tyngste verva kunne kjøpast fri frå jobb på dagtid for eksempel ein dag i veka. Vi må sjå på måten lokaldemokratiet organiserast på med eit frisk blikk. I dei fleste kommunar har ikkje systemet vore endra sidan krigen, men det har samfunnet.

BAKGRUNN: Varaordførar i Skodje, Aina Strand (Ap), gir seg i politikken. Kombinasjonen jobb, heim og lokalpolitikk blei for tøff.

Manglar kapasitet

Også ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, meiner det er eit demokratisk problem at mange folk i 20- og 30-åra ikkje opplever at dei har kapasitet til å delta i lokalpolitikken. Som tabellen under viser, er det færre folkevalde i kategorien under 40 år enn over, og enda færre kvinner enn menn.

– Alle grupper som ikkje er representert i folkevalde fora utgjer eit demokratisk problem. Det at dei ikkje er representert gjer at stemma deira ikkje kjem til orde, påpeiker Aurdal.

Ordførarkollega Tennfjord i Skodje seier noko av det same.

– Storforbrukarane av skule, barnehage og fritidsaktivitetar er ikkje representerte i dei organa som for ein stor del legg premissane for dei. Klart at det ikkje er heldig.

Vil kjøpast fri

Snart eks-varaordførarar i Skodje, Aina Strand, meiner at noko av løysinga kan vere å legge fleire politiske møter til dagtid.

– Eg har ikkje råd til å slutte å jobbe for å drive med politikk. Men om eg kunne blitt kjøpt fri, for eksempel ein dag i veka, for å bruke tid til poltikken så hadde det gjort saka enklare.

I tillegg legg Strand vekt på at møta må vere føreseielege.

– At eg ikkje veit når kommunestyremøta sluttar gjer ting vanskeleg. For eksempel veit eg ikkje om eg rekk å hente borna på fritidsaktivitetar.

Strand har tenkt ein del på omkvedet «vi får dei politikarane vi fortener», og seier:

Komplett umogeleg

Eva Vinje Aurdal i Ålesund skjøner avgjersla til Aina Strand godt. Ho venta sjølv med å trappe opp sitt politiske liv til borna meir eller mindre klarte seg sjølve.

– For å seie det slik: Å vere ordførar i Ålesund, med små born, hadde eg sett på som ei komplett umogleg oppgåve. Det bør det ikkje vere i 2016, seier Aurdal, og legg til:

– Eg kan garantere at dette er noko eg vil sørge for at vi set på dagsorden i løpet av mi tid som ordførar. Det skal vere plass for folk i alle livssituasjonar i lokalpolitikken.

Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord. Foto: Staale Wattø
Ordførar i Ålesund, Eve Vinje Aurdal. Arkivfoto: June R. Johansen. Foto: June R. Johansen