Anleggsarbeidarar med helikopterstøtte er i full sving på Kvitneset i Hareid denne veka. Det er ikkje sjølve brua som reiser seg, men det er likevel ein viktig brikke i det enormt store spelet om Hafast.

– Dette er ei mast for vindmåling, forklarer prosjektleiar Jørn Arve Hasselø i Statens vegvesen.

Masta blir 100 meter høg, men er berre småtteri mot det som skal kome seinare. Dersom det verkeleg blir hengebru frå Kvitneset, eller lenger inne, vert brutårna fire gongar så høge.

– Dette er den første vindmålarmasta vi set opp, og den siste som vert tatt ned. Det skjer ikkje før etter at Hafast er ferdig, forklarer prosjektleiar Hasselø.

– Og når trur du Hafast vert ferdig?

– Om 12 år, svarer han optimistisk.

Men då er kollega Magne Gausen straks frampå.

– Vi må ikkje sjå vekk frå at det kan ta 15 år, seier Gausen, som er prosjekteringsleiar.

Fire master

12 eller 15 år. Uansett er det ein føresetnad at dei naudsynte milliardane vert løynde, understrekar dei to. For det skal ikkje stå på Statens vegvesen, som er i full gang med kartleggingsfasen. I oktober kom utstyr for straummåling på plass i Breisundet. No kjem altså det første vindmålingsutstyret.

–Dette er utstyr for å kartlegge naturlasten på brua, noko som spelar inn på valet av bruløysing. Data om vindbelastning er også viktig for gjennomføringa av anleggsarbeidet og for trafikkavviklinga når brua er ferdig, seier Jørn Arve Hasselø.

I alt kjem det fire master for vindmåling, på 80 og 100 meter, to på Hareidsida og to på Sulasida. Grunneigarane på Kvitneset var raskt ute med å gi grønt lys, og skrive avtale.

– Vi må nok starte ein reguleringsprosess for å få sett opp dei andre mastene. Og vi vil gjerne ha fram at utan vindmålingar, så kjem det aldri noko bru, seier Jørn Arve Hasselø.

Snart vert det målingar også på sjøbotnen mellom Hareidlandet og Sula.

– Neste år set vi i gang omfattande geotekniske undersøkingane på sjøbotnen, forklarer prosjektleiaren.

prosjektleiarane: Magne Gausen, prosjekteringsleiar (t.v.) og Jørn Arve Hasselø, prosjektleiar, begge frå Statens vegvesen. Foto: svein aam