Og PRIO nr. 1 for Nevstad er trenarspørsmålet. Steinar Lein si tid som hovudtrenar er truleg over. Han overtok etter Hans-Erik Eriksen i april, men klarte ikkje å føre klubben til ny 1. divisjonskontrakt. Han har kontrakt ut 2017, men då som assistenttrenar. Og vil han det? Eller vel han å flytte tilbake til Haugesund, der han har kone og to born?

– Dette er eit spørsmål Steinar må svare på sjølv. Vi har sjølvsagt full forståing for at han saknar familien. Vi jobbar hardt for å få trenarspørsmålet løyst, men om vi er i mål alt denne veka tvilar eg på, seier Nevstad.

Ned i løn

Og samstundes må også Nevstad og Hødd finne ut kven dei ynskjer å ha med vidare av spelarane. Som må rekne med å gå ned i løn når det no vert 2. divisjonsspel.

Bergsøy på jakt

Fleire av Hødd-spelarane på utgåande kontrakt er alt kontakta av veslebror Bergsøy. Dette gjeld profilerte spelarar som Joachim Magnussen, Magnus Myklebust og Jesper Törnqvist.

– Eg kan stadfeste at Bergsøy har skrive og bedt om å få prate med nokre av våre spelarar, og det har vi ingenting imot så lenge dei er på utgåande kontrakt, seier Nevstad.

Bergsøy Fotball sin daglege leiar Tom Beddari stadfestar at dei kan tenke seg Hødd-trioen.

– Vi vil i alle høve gjerne prate med dei, for å høyre om dei kan tenke seg å kome til oss. Vi har ikkje lyst til å gje dei proffkontrakt, då er det betre om dei gjer ein jobb i klubbregi som dei får løn for. Til dømes i vårt breddeakadami for ungdomsskulen her ute, eller i fotballfritidsordninga vår. Men førebels er dette på eit tidleg stadium, seier Beddari.

Magnus Myklebust bur og jobbar i Fosnavåg, medan Bergsøy er Magnussen sin moderklubb.

Bergsøy «prøver seg», og ynskjer seg både Magnus Myklebust og Joachim Magnussen (bak). Pluss lagkaptein Jesper Törnqvist. Alle tre er på utgåande kontrakt i Hødd. Foto: Svein Olav Humberset