Med unnatak av Nordmørslista, var alle partia i fylkesutvalet samla i kravet om å behalde fylket samla, med visse justeringar. Det store slaget vil stå i fylkestinget i desember. Arbeiderpartiet har signalisert at dei ikkje vil stå samla i saka.

Påtvunge

Fleire representantar meinte at dette er eit påtvunge prosjekt, kjørt fram av sentrale politikarar i Venstre og delvis Kristeleg Folkeparti.

-Dersom Møre og Romsdal blir delt ved Romsdalsfjorden, vil Romsdal og Nordmøre måtte ta til takke med smulane som er att etter dei ferdige forhandlingane i Nord-og Sør-Trøndelag. Sunnmøre blir ein utkant i ein stor vestlandsregion. Vi må stå saman i kravet om eit samla Møre og Romsdal.

Uaktuelt å dele

Det sa Charles Tøsse (H) under debatten om regionreformen i fylkesutvalget i føremiddag. Tøsse streka under at Høgre i utgangspunktet ønsker to forvaltningsnivå, store kommunar og staten. Han slår fast at det er uaktuelt for Nordmøre og Romsdal å bli ein del av Vestlandsregionen, og det det er heilt uaktuelt for Sunnmøre å knytte seg til trøndelagsregionen. I valet om å splitte Møre og Romsdal går han  inn for eit samla fylke. Han har vanskeleg å sjå føre seg at ein må dra til Bergen eller Stavanger for å snakke med fylkesmannen.

Ikkje noko positivt

Steinar Reiten (Krf) fokuserte på målsetjinga for tenesteproduksjonen, og kunne ikkje sjå eit einaste positivt argument for å knytte seg til regionane i nord og sør.

-Derimot må vi bryte med velformulerte strukturar og må byggje opp nye. Avstandane blir store. Det vil ikkje bli enkelt å administrere skular på søre Sunnmøre frå Steinkjer.

Offentlege arbeidsplassar

Møre og Romsdal som eigen region er den løysinga som best svarar på måla på regionreformen når det gjeld regional vekst, samhandling og funksjonelle, sa Reiten, som meiner dei positive argumenta for å halde på Møre og Romsdal er kraftig underkommunisert. Frank Sve (Frp) streka under den sterke posisjonen næringslivet i Møre og Romsdal, men at ein også treng dei offentlege arbeidsplassane.

Mot Nordmørslista, som ønskte støtte for at einskilde kommunar kunne kunne velje ei anna løysing, slutta fleirtalet i fylkesutvalet seg til innstillinga frå administrasjonen.

Vedtak:

1. Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer at Møre og Romsdal, med eventuelle grensejusteringar, held fram som eigen region frå 1.1.2020.

2. Møre og Romsdal som eigen region er den løysinga som best svarar på måla i regionreforma når det gjeld regional vekst, samhandling og funksjonelle regionar.

3. Møre og Romsdal fylkeskommune vil arbeide for at dei opplevde problema knytt til fylkesgrensene som hemmande for samarbeid med kunnskapsmiljø og næringsklynger vert redusert. Fylkestinget ber fylkesrådmannen komme attende til dette i arbeidet med revidert Fylkesplan og tilhøyrande handlingsprogram.

4. Møre og Romsdal fylkeskommune vil ikkje stille seg i vegen for Rindal sin søknad om overføring til Trøndelag.

Mette Belden frå Nordmørslista (tv) ville ha fylkesutvalet med på at ein ikkje ville stille seg i vegen for kommunar som vil forlate Møre og Romsdal.