Bakgrunnen for demonstrasjonen er situasjonen til afghanske asylsøkjarar i Norge, der eit stort fleirtal har fått nei på sine søknader om asyl.

– Vi vil markere at vi bryr oss om våre medmenneske, at vi står opp for kvarandre og at vi er imot returnering av mindreårige til krigsramma land, seier Emilie Hansen (18) frå Herøy.

Avslag

Hennar engasjement vart uløyst av Sunnmørsposten sin artikkel for ein månad sidan om 16 (snart 17) år gamle «Sadeq», som bur på mottaket for einslege mindreårige asylsøkjarar i Fosnavåg.

Han, og fleire av dei andre unge afghanske gutane, har fått avslag på sine asylsøknader, med beskjed om å returnere til heimlandet.

Mange får nei

NRK melde onsdag at 75 prosent av alle afghanske asylsøkjarar som kom til Norge i fjor får avslag på asylsøknaden. Av mennene får ni av ti avslag. Den norske praksisen er politisk omstridd, sidan det er usemje om kor trygt det er å returnere.

– Eg høyrer på kva gutane fortel sjølve, og eg har prøvt å setje meg inn i situasjonen i Afghanistan. Vi veit at det nesten dagleg er bomber der, og at det stadig er kampar. Så eg synest ikkje at vi kan finne oss i at Noreg sender tilbake ungar til eit slikt land, seier Emilie Hansen.

– Nyttar det å demonstrere?

Amnesty

Ein annan som har engasjert seg er Kjetil Haanes.

Den nyvalde styreleiar i Amnesty International er norsklærar for dei afghanske gutane.

– Amnesty er ut frå eit menneskerettsperspektiv svært kritisk til behandlinga av mindreårige afghanske asylsøkjarar – av fleire grunnar, seier Kjetil Haanes, som skal halde appell i samband med fakkeltoget i Fosnavåg.

– Amnesty er kritisk til både grunnlaget og måten unge afghanarar vert henta på mottak rundt om i landet og sende til politiet sitt utlendinsinternat på Trandum, seier Haanes.

Aksjonen «La gutta bli» har spreidd seg til andre delar av landet. Også i Svolvær var det fakkeltog onsdag kveld.