Jens Terje Johnsen, i Herøy kjend som Jens Prest, var ein av om lag 150 som demonstrerte mot utvisninga av afghanarar i Fosnavåg onsdag kveld.

– Det er gripande å sjå unge menneske som engasjerer seg for andre unge, seier Jens Terje Johnsen.

Han var sentral då lokalsamfunnet proststerte mot utvisninga av kosovoalbanarar på 90-talet. Det var eit engasjement som ivolverte kyrkjeasyl, og smugling av ein familie tilbake til Herøy.

–Dette er å gjenoppleve minner frå kyrkjeasylsakene, berre at det no er neste generasjon som engasjerer seg, seier Jens Prest.

Les også: – La gutta få bli i Norge, er beskjeden frå Emilie (17) og dei andre i fakkeltoget

Også den mangeårige KrF-politikaren Gunnar Sævik deltok i markeringa onsdag

–Eg trur dette er første gong eg går i eit slikt fakkeltog, seier Sævik.

Får ikkje sove

Fakkeltoget gjekk frå sentrum, til asylmottaket og tilbake. På scena på kaia var det fleire innslag. Ein av dei som heldt tale var asylsøkjaren Reza. Han fortalde at han er livredd for å bli sendt heim, og at han ikkje får sove om natta.

–Vi flykta hit for å bli trygge, men no er vi ikkje trygge her. Og dei som vert sende tilbake vert drepe av Taliban, sa Reza.

Fakkeltog i Fosnavåg Helena og Antony Tonev syng "We are the world", saman med afghanske asylsøkjarar. Foto: Svein Aam

Emilie (17) tok initiativ

Emilie Hansen (17) er inititativtakar til fakkeltoget, saman med Helena Leinebø Tonev og Malene Wolden. Dei var godt nøgde med oppslutnaden.