Det melder Vikebladet Vestposten. Eikrem går frå jobben som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.

På grunn av nedgangstider i mediebransjen, har Polaris-konsernet, som eig avisa, bestemt at avisa skal gå frå å ha ein disponent og ein redaktør til å ha ein eineleiar. Dette skal skje rundt påsketider neste år.

– Det høyrest litt ut som eg blir ein sånn eineherskar, seier Eikrem til Smp.no når vi ringer den påtroppande eineleiaren.

–Når byrjar du?

– Det er litt uklart, eg må avklare meg høgskulen når dei kan sleppe meg først, seier ho.

På tommelen til folk

Ho seier at ho gler seg veldig til å jobbe med daglege nyheiter igjen, slik ho gjorde i NRK. På Høgskulen blir dette meir i periodar, når studentane har praksis.

– Lokalavisa er eit veldig viktig i eit lokalsamfunn. Det er om å gjere å skape engasjement, få fram ulike stemmer, og finne ut kva som er snakkisen i bygda. Og så er det viktig at Vikebladet skal vere på tommelen til folk. Vi er ikkje berre ei papiravis, folk les også lokalavisa på mobil.

Yngre

– Korleis vil lesaren merke at du tek over roret?

– Akkurat der skal eg nok vere litt forsiktig med å spå noko. Eg har inntrykk av at det er ei velfungerande og veldrive avis i dag. Det vil eg ta vare på, men eg vil også prøve å utvikle avisa på eitt eller anna vis.

I tillegg er ho oppteken av at avisa skal nå ut til yngre lesarar.

– Eg trur vi har eit potensial for å få enno fleire lesarar. Det må vere eit mål. Journalistikken har inga verdi før nokon les han.

– Skummelt

Eikrem blir altså ikkje berre redaktør, men også disponent.

– Det er kanskje det eg synast blir mest skummelt, eller spennande. Eg har ikkje erfaring frå før innan budsjett, men der finst det gode kapasitetar i konsernet, seier Eikrem.