Omfattande hærverk i Eid kyrkje

Knuste orgel og spraya kyrkja ned med pulverapparat

Eid kyrkje har fått omfattande skade etter hærverk natt til torsdag. Rekninga kan ende på ein stad mellom 1,5 og 2 millionar kroner.

  Foto: KNUT ARNE AARSET

Nyheter

Det var eit trist syn som møtte kyrkjeverje Kristen Hundeide torsdag morgon. Etter at politiet frigav kyrkja, har Hundeide no vore inne i kyrkja og sett på kyrkja.

–Eg blir lei meg og sint. Dette er unødvendig og respektlaust, seier Hundeide og fortel om eit kyrkjerom som er nedstøva av pulver frå brannsløkkingsapparat og eit øydelagd kyrkjeorgel.

(saka held fram under)

Kyrkjeverje Kristen Hundeide  Foto: Knut Arne Aarset

Uroa for dekoren

Ein 20-åring er pågripen for hærverket, som viser seg å vere svært omfattande.

– Her må vi ha på plass eit profesjonelt reingjeringsbyrå, konstaterer Hundeide som no tek kontakt med forsikringsselskapet for å få rydda opp.

Eid kyrkje er dekorert med spesiell dekor, måla av Lars Kinsarvik.

– Eg er uroa for dekoren i kyrkja, som er uerstatteleg, seier Hundeide og håpar at dekoren let seg berge.

Orgelet er øydelagd

Ifølgje Hundeide er det nyrestaurerte orgelet øydelagt. Pipene er knekt, og det kan også vere ytterlegare skade på orgelet som følgje av pulver frå brannsløkkingsapparatet.

Den som har stått for hærverket har brote opp døra inn til orgelet, og fleire hundre piper skal vere knekt. Orgelet blei nyleg vedlikehalde for 2,5 millionar kroner.

(saka held fram under)

Ungdomsprest Kåre Michalsen Cristoffersen og kyrkjeverje Kristen Hundeide.  Foto: Knut Arne Aarset

Må flytte gravferd

Kyrkja er no stengd. Fredag skulle det etter planen vere gravferd.

– Eg må no ringe til ein familie i sorg og fortelje at det ikkje kan bli gravferd i kyrkja, seier Hundeide og legg til at gravferda vil bli flytta til Stårheim kyrkje.

Også Lys vaken-arrangement i helga må flyttast til ein annan stad.

Hundeide reknar med at kyrkja blir ute av drift i minst ei veke. Orgelet vil det truleg ta lang tid før ein kan bruke igjen, men kyrkja kan brukast sjølv om orgelet er ute av drift. Hundeide fryktar at det vil koste ein sekssifra sum berre å få reparere orgelet.


Kyrkje utsett for hærverk

Eid kyrkje på Nordfjordeid er utsett for skadeverk natt til torsdag.