Kyrkje utsett for hærverk

Eid kyrkje på Nordfjordeid er utsett for skadeverk natt til torsdag.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Ein 20 år gammal mann er pågripen og sikta for å ha utført skadeverk i Eid kyrkje på Nordfjordeid i natt, melder Politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Mannen skal ha vore rusa. Saka blir etterforska.

Arrestert i Ålesund

Også i Ålesund har politiet vore i kontakt med rusa personar i løpet av natta.

Ein mann blei teken med til arresten på grunn av ordensuroing. Han blei send heim etter munnleg pålegg og åtvaring.

Anbefalte hotell

To rusa personar hadde lagt seg til å sove utanfor ein bensinstasjon.

Dei blei vekt av politiet og anbefalt å ta inn på hotell.