Sunnmøring har tilstått hærverket i Eid kyrkje

Ein 20-åring frå søre Sunnmøre har tilstått hærverk i Eid kyrkje natt til torsdag.

Etterforsking Politiet var torsdag i Eid kyrkje for å sikre spor. Natt til torsdag blei kyrkja utsett for innbrot og omfattande hærverk.  Foto: Knut Arne Aarset

Orgel Kyrkjeorgelet var nyleg teke i bruk igjen etter omfattande restaurering. No er det øydelagd etter hærverk. Politistudentane Lars Kristian Reknes, fremst, og Kristoffer Birkeland Mørk studerer det øydelagde orgelet, saman med kyrkjeverje Kristen Hundeide.  Foto: Knut Arne Aarset

Støv Kyrkjeverje Kristen Hundeide konstaterer at det trengst profesjonelt vaskefirma for å reingjere kyrkja. To brannsløkkingsapparat er tømde, og fint støv har lagt seg over alt.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– Mannen sit i avhøyr og har tilstått at han har vore inne i kyrkja. Vi reknar saka som bortimot oppklart. Han vil bli sett fri etter avhøyret, seier Øystein Ruud, politiet sin etterforskingsleiar i Nordfjord.

Ifølgje Ruud er mannen som blei pågripen natt til torsdag ein 20-åring busett på søre Sunnmøre.

Må vaske ned heile kyrkja

Det var like før halv to natt til torsdag at alarmen gjekk i Eid kyrkje. Det blei etter kvart klart at uvedkomande hadde teke seg inn i kyrkja og tømt to brannsløkkingsapparat, samt øydelagt kyrkjeorgelet. Skadane kan kome opp i mellom 1,5 og to millionar kroner, ifølgje kyrkjeverja.

Orgelet blei nyleg renovert for 2,5 millionar kroner.

Kyrkja er no fylt av eit tynt støvlag frå pulverapparata, og profesjonelt reingjeringsfirma må inn og vaske ned heile kyrkja.

Har vurdert varetektsfengsling

Politiet var torsdag formiddag i Eid kyrkje for å sikre spor. Og dei meiner forklaringa til mannen samsvarer med det som er funne på åstaden. Det er ikkje mistanke om at andre har vore involvert i hærverket.

Det er vurdert å varetektsfengsle mannen, også opp mot andre saker som politiet på Sunnmøre skal ha på han. Men dei ønskte ikkje varetektsfengsling, og når det heller ikkje er fare for at bevis skal gå tapt i saka på Nordfjordeid, blir mannen sett fri torsdag.

– Har mannen sagt noko om grunnen til at han har gjort dette?

– Nei, han har ikkje gitt fullstendig forklaring enno, og vi har ikkje klart å få fram noko motiv, seier Ruud.

– Er det ein angrande syndar?

– Det håpar eg han er. Han bør angre på dette, seier Ruud.


Omfattande hærverk i Eid kyrkje

Knuste orgel og spraya kyrkja ned med pulverapparat

Eid kyrkje har fått omfattande skade etter hærverk natt til torsdag. Rekninga kan ende på ein stad mellom 1,5 og 2 millionar kroner.



Kyrkje utsett for hærverk

Eid kyrkje på Nordfjordeid er utsett for skadeverk natt til torsdag.