Kommunen og Amfi-kjeda skal med det første møtast for å drøfte ein intensjonsavtale om kjøp av areal for å utvide, skriv Møre-Nytt.

Det aktuelle arealet ligg på nordsida av senteret, der det i dag er parkeringsplass, samt lokale til Kunstlaget.

– Amfi har ein klar ambisjon om å utvide i Ørsta. Det er delvis utløyst av suksessen dei har her i dag, men dei har også kome på banen i samband med planane for å utvikle Ørsta sentrum, sa assisterande rådmann Eldar Øye under det siste formannskapsmøtet.

Han meinte utvidinga kan vere på plass om fire-fem år, medan ordføraren håper det vert bygging innan to-tre år.

Formannskapet støtta eit forslag til intensjonsavtale, der kommunen legg til rette for grunnavståing, slik at Amfi kan utvide kjøpesenteret, skriv lokalavisa.