Hvordan merker du uværet? Send tips /bilder til 95 400 400

I byrjinga av august tok elva i Barstadvik nytt løp, og gjorde store skader. Med meldingar om mykje nedbør fredag og natt til laurdag er bygdefolket spente på korleis det går denne gongen.

–No er det sørvest og det er gunstig for oss. I august kom nedbøren frå nordvest, og då pakkar regnet seg inne i dalen, seier Romestrand, som var på tur langs elva fredag ettermiddag.

NVE flaumramma

Men regnveret har fått ein uventa konsekvens.

–Norges Vassdrags og Energidirektorat (NVE) skulle vere her i dag for å sjå på flaumskadane frå august. Men dei har avlyst, fortel Romestrand.

Kronerulling etter storflaumen i Barstadvik

Sjå dronevideo av flaumskadane

Digre elvar

Fredag var elvane i Ørsta digre, men det var framleis litt å gå på før ein kan snakke om storflaum. Fram til i ettermiddag var det ikkje kome meldingar om alvorlege hendingar på grunn av alt vatnet.

LES OGSÅ: Advarer mot vannplaning, styrtregn og skredfare

–Men det er ein del tele i marka, så det er mykje overflatevatn, seier Eldar Øye, som er beredskapsleiar i kommunen.

Han rår folk til å rydde stikkrenner og syte for at slukar ikkje vert tett av lauv og rusk.

Når Kjerringsteinen i Follestaddalselva ved Høgebrua i Ørsta står under vatn er det storflaum. Det er framleis litt å gå på. Foto: Svein Aam