Sirkel Sag går solo

Åmdalens beste rappar er klar med sin heilt eigen EP om kommunalpolitikk, angst, kjøt og sprit.

Rappar og bonde Sirkel Sag (Bård Aasen Lødemel) viser såre, personlege, eksperimentelle og politiske sider på sin første EP.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Han har lurt i kulissane til Side Brok i 15 år, og har fått vere med på i alt fire låtar med rapparane frå Hovdebygda. Sirkel Sag - rappar om natta, bonde på dagtid - gir no ut sin eigen EP, «Ørsta rådhus».


Sårt og personleg

– EP-plata inneheld fire låtar som viser både meir såre, personlege, eksperimentelle og politiske sider av Åmdalens beste rappar gjennom tidene, skriv Runar Gudnason i pinaDgreitt records i ei pressemelding.

(saka held fram under bildet)

Ørsta rådhus Sirkel Sag sin EP har fått namnet "Ørsta rådhus", og handlar om kommunalpolitikk, angst, kjøt og sprit.   Foto: Pressefoto

Med Side Brok

Debuten til Sirkel Sag var på låten «Snop» på Side Brok sitt debutalbum «Høge brelle». Side Brok har fått vere med på den nye EP-en til Sirkel Sag, Torstein Hyl rappar med på ein låt, og Sjef R har laga refrenget på ein annan.

Musikkvideo

PinaDgreitt records gir ut «Ørsta rådhus» på alle digitale tenester fredag 2. desember. Same dag kjem ein musikkvideo til tittelsporet, og litt seinare kjem ein musikkvideo til «Nede med Sirkel Sag».