Matmessa Internationale Grüne Woche i Berlin er rekna for å vere ei av Europa si viktigaste messer for mat og reiseliv. Den årvisse messa blir arrangert i januar.

Sunnmørsbedriftene Søstrene Fryd i Ålesund og Gode Greier i Ulstein har fått æra av å representere Vestlandet saman med 16 andre deltakarar frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Deltakarane skal representere Norge, og vere med på å selje produktet vårt på ei messe med hard konkurranse. Då treng vi folk som ikkje er redde for å kaste seg ut i det litt ukjende, seier Kirsti Pernille Indreeide, prosjektansvarleg hos Fylkesmannen.

Fylkesmannen og Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar aktivt med å styrke dei lokale matnettverka i fylket.

Matmangfald

– Det er viktig å marknadsføre Norge som destinasjon, og det matmangfaldet vi har her, seier Turid Smoor hos Søstrene Fryd.

– Interessa for lokalmat er aukande, men det er små produksjonar, og ofte er det ikkje heilt enkelt å få tak i økologiske varer i vårt område, seier Smoor.

– Det er viktig å vise fram mangfaldet som finst i matproduksjonen på Sunnmøre. I drifta av Søstrene Fryd har ho 20–30 leverandørar av mat, og ho er alltid på jakt etter fleire lokale, økologiske produsentar.

Alt blir til på garden

Lisa Mari Breivik Anderson som driv enkeltpersonføretaket Gode Greier i Ulsteinvik seier lokalmatprodusentane hjelper kvarandre fram.

Gode greier Lisa Mari Breivik Anderson produserer mat på Dimnøya i Ulstein.

Frå garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein produserer ho og familien nisjemat basert på bær og frukt. Ho har tidlegare hatt produkta sine på Grüne Woche, men det er første gong ho er på stand sjølv.

– Vi som produserer lokalmat er ikkje konkurrentar, det er heller det at vi hjelper kvarandre fram, seier Anderson til Sunnmørsposten.

– Klarer du å leve av dette?

– For meg er dette ei biinntekt. Eg jobbar 50 prosent som lærar. Det har vore viktig at alt vi produserer er hausta frå eigen gard, seier Anderson som avslører at dei no jobbar med å utvikle eit nytt produkt som skal med til Grüne Woche.

– Vi trivast med å vere litt små, og har ikkje som mål å utvide mykje.

Anderson har produsert mat for sal sidan 2003, og er nærast for ein veteran å rekne i bransjen.

Nettverksbygging

Deltakinga på matmessa i Berlin er også ei anledning til nettverksbygging for Søstrene Fryd og Gode Greier.