Etter eit ekstraordinært kommunestyremøte onsdag kveld vart det klart at ørstingen Rune Hovde (52) har fått tilbod om rådmannstillinga i Stryn kommune, melder avisa Fjordingen.

Frå mars

Med atterhald om at arbeidsavtale blir signert, skal trebarnsfaren ta til som rådmann frå 1. mars 2017. Hovde har takka ja til stillinga.

- Eg tykker Stryn er ei veldig spennande kommune der det skjer veldig mykje. Folk er framoverlente og står framme i skoa. Det er ikkje mange kommunar der eg ville ha søkt ei slik stilling, så eg set stor pris på tilliten dei har vist meg, seier Hovde til Fjordingen.