Flest menn mistar jobben

Menn i Møre og Romsdal er langt sterkare enn kvinner råka av den aukande arbeidsløysa.

Over dobbelt så mange menn som kvinner er arbeidsledige i Møre og Romsdal. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix 

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal 

Nyheter

Det viser nye tal frå Nav.

- Det er over dobbelt så mange arbeidslause menn som kvinner, seier fylkesdirektør i Nav, Stein Veland.

I november er det 4.325 personar heilt utan arbeid i fylket. Det utgjer 3,1 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 9,3 prosent frå same månad i fjor.


SSB tror oljenedturen nærmer seg slutten

Oslo (NTB): Økonomene i Statistisk sentralbyrå ser lysere på fremtiden, og de tror at veksten i norsk økonomi vil ta seg opp.

 

Fordelinga mellom kjønna heng saman med kva for delar av næringslivet som no reduserar arbeidsstokken.

- Vi har til dømes 359 (302 menn) ledige ikt-arbeidarar og ingeniørar, 962 innan industriarbeid (819 menn) og 501 (365 menn) innan reiseliv og transport. Innan bygg og anlegg er det størst forskjell, med 581 menn og berre 18 damer, påpeikar Veland.

Fylkesdirektør Stein Veland i Nav Møre og Romsdal 

 

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,1 prosent for kvinner og 3,9 prosent for menn.

Svaret frå Nav er å sende stadig fleire på arbeidsmarknadskurs.

- I november har vi 954 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 353 fleire enn i november 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5.279 personar i fylket, seier Veland.

I landet er det no 78.157 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 1,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.