– Ettersom Ørskog valde å gå mot Ålesund, så tek vi dette møtet, forklarer Stordal-ordførar Eva Hove (Ap), som har invitert Norddal til møtet.

Arne Sandnes (Sp), ordførar i Norddal, er glad for invitasjonen:

– Primært vil vi stå åleine, men vi vil gjerne ha eit nært forhold til Stordal. Og får vi til ein god avtale for begge, er eg for ei samanslåing, seier han.

Kva Eva Hove trur blir utfallet vil ho ikkje kommentere før møtet.

– Kan Stordal, fylkets minste kommune, framleis få lov til å stå åleine etter denne reforma?

– Ja, det trur eg vi kan. Det er sagt nokså klart at reforma skal tuftast på fri vilje, seier Hove.