Dei sikta etter hotellbrannen i Selje ankar varetektsfengslinga

Natt til sist fredag brann Selje Hotell ned til grunnen.
Nyheter

Og same dag kontakta politiet Kripos for hjelp med etterforskinga. Etter kvart vart tre personar, mellom anna dagleg leiar og styreleiar ved hotellet som hadde vinterstengt, sikta for brannstifting eller medverknad til brannstifting og forsikringssvindel. No har dei tre bestemt seg for å anke vareteksfengslinga til lagmannsretten.


Tre siktet etter brannen på Selje Hotel

Selje/Oslo (NTB-Linus Røvik Hauge): Politiet har siktet tre menn de mener tente på Selje Hotel i Sogn og Fjordane i slutten av november.

– Eg starar papirarbeidet i morgon, så anken blir sendt måndag, seier advokat Paul Inge Angelshaug til NRK.

– For min klient spesielt er det naturleg å be om overprøving. Han er kjent med siktinga, men han stiller seg uforståande til siktinga, seier Angelshaug vidare.


Til NRK seier Per Kjetil Stautland og Ivar Blikra, advokatane til dei to andre, at dei også ankar varetektsfengslinga.