Opnar etter skadeverk

Eid kyrkje, som for to veker sidan vart utsett fot skadeverk, opnar igjen til konserten med Ytre Suløen på torsdag.

REINGJORT Mesteparten av Eid kyrkje er no reingjort etter skadeverket i november.   Foto: Knut Arne Aarset

Knuste orgel i Eid kyrkje. VIDEO: KNUT ARNE AARSET

Politistudentane Lars Kristian Reknes, fremst, og Kristoffer Birkeland Mørk studerte det øydelagde orgelet, saman med kyrkjeverje Kristen Hundeide, etter hærverket i kyrkja.  

Nyheter

Det melder Fjordabladet.

Det var natt til 24. november at ein ung mann tømde brannsløkkingsapparat i kyrkjerommet, og knuste orgelpiper.

BAKGRUNN: Knuste orgel og spraya kyrkja ned med pulverapparat

– Dette har gått raskare enn vi først hadde planlagt. Planen var at konserten med Ytre Suløen måtte flyttast til Stårheim kyrkje torsdag kveld. Men på grunn av godt arbeid frå det innleigde firmaet kan vi no bruke Eid kyrkje allereie på torsdag, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide til avisa.

Det er firmaet Recover Nordic, med avdeling i Volda som har utført arbeidet.

Det står att å reingjere måleri og altertavla. Hundeide håpar dessutan at orgelet er reparert til konfirmasjonshelga i mai.

Sunnmøring har tilstått hærverket i Eid kyrkje

Ein 20-åring frå søre Sunnmøre har tilstått hærverk i Eid kyrkje natt til torsdag.

Relaterte saker: