Det viser eit framlegg før det komande møtet i samferdsleutvalet.

I dag er det gratis å køyre elbil på ferjer på fylkesvegsambanda i Møre og Romsdal. Elbilistane betaler kun for førar og passasjer. Men dersom politikarane i samferdsleutvalet seier ja, så må elbilistane betale like mykje som andre bilistar på ferjer frå og med nyttår.

Forslaget har vore til behandling i samband med årets behandling av økonomiplan. Men etter førespurnad frå Frank Sve (Frp) og samferdsleutvalet kjem dette no opp som eiga sak.

Bakgrunnen er at elbil-trafikken aukar.

«Dette fører til reduserte inntekter for Møre og Romsdal fylkeskommune då dei tar opp mykje plass, utan å betale for plassen dei tar opp», skriv administrasjonen. Dei anslår at fritaket for elbilar gir eit inntektstap på mellom 0,4 og 2,6 millionar kroner årleg, litt avhengig av om ein legg til grunn rabattordningar eller ikkje. Inntektene vil såleis ikkje utgjere det heilt store frå nyttår, men trafikken av miljøvennlege køyrety er altså aukande og vil gje større utslag i framtida.

Har hatt kort tid

Administrasjonen har behandla saka fort, og vedgår at dei ikkje har fått tid til analysere alle konsekvensar av ei slik takstendring.

Mellom anna kan ei formulering i det ferske budsjettforliket i Stortinget få konsekvensar lokalt. Samferdselssjef Arild Fuglseth seier til smp.no at administrasjonen er kjent medat budsjettforliket omhandlar mulige takstendringarfor mljøvennlege bilar og kva fordelar slike køyrety skal ha.

SAMFERDSELSJEF Arild Fuglset. Foto: Staale Wattø

–Møre og Romsdal fylke kan bestemme takstar for fylkesvegferje. MenStoringet kan gje landsdekkande føringar. For eksempel bestemmetakstnivået for elbilar. Dette må vi nesten få undersøke nærareog kome tilbake til, seier Fuglseth.

To takstar for elbilistane

Om takstendringa for elbilarblir innført, vil ho gjeld for fylkevegferjer. Ikkje forriksvegferjer. Dermed får forbrukarane to forskjellige takstar åhalde seg til.

– Kva tenkjer du om det?

– Det skal ikkje ha såmykje å seie for forbrukarane. Har du verdikort vil du automatiskbli trekt for rett billettpris. På same måte som du i dag blirtrekt ulik pris, alt etter ferjesoner. Alle prisar, også forelbilar vil gå fram av taksttabellen, seier Fuglseth.

– Møre ogRomsdal har mål om å redusere miljøutsleppa. Er det då rett å auketaksten for elbilar?

– Vi jobbar for å nå måla i vår klimaplan. Detgjer vi mellom anna ved å lyste ut nye anbod med krav om bruk avmiljøvennleg ferje. Vi stiller også stadig strengare miljøkrav tilbussar og ferjer. Det er tiltak som vi jobbar med og som vi trurvil gje god effekt, påpeikar Arild Fuglseth.

Samferdsleutvalet tek endeleg avgjerd i saka.

Dei blir samla til møte komande måndag.