– Vi har brukt mykje energi på å få tak i reparasjonsoppdrag. Det har resultert i ein god del oppdrag i haust, opplyser direktør Fredrik Mordal Hessen ved Vard Brattvåg til avisa Nordre (krever innlogging).

Verftet ventar på å få utruste eit stort konstruksjonsfartøy, etter at det store skipet Normand Maximus vart ferdig i haust.

Verftsdirektøren seier til avisa at det ser ut til å bli god aktivitet ved verftet i 2017, og reparasjonsoppdraga sig på. Det er ny optimisme.

– Optimismen har vore der heile tida, så det er vel meir riktig å seie at det er stor glede ved verftet på grunn av aktiviteten, seier direktøren til avisa Nordre.

Les flere næringslivsnyheter på smp.no