- To kommunar som slår seg saman treng ikkje å ha felles grenser. Det har kommunaldepartementet sagt, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal til fjt.no (krev innlogging).
Selje skal i forhandlingar med Eid ha opplevd ein langt meir positiv tone enn det dei opplevde med Vågsøy. Målet no er at dei får på plass intensjonsavtale om samanslåing i løpet av januar.
Positive rådmenn
Kommunestyra blir allereie i neste veke oppmoda om å seie ja til å starte arbeidet med intensjonsavtale om sammenslåing av Eid, Selje og eventuelt Vågsøy.
Etter at Vågsøy avslo Selje sitt krav om å legge kommunesenteret i Vågsøy-Selje til Selje, har Selje teke opp igjen dialogen med Vanylven og Eid om samanslåing, ifølgje fjt.no.
No kan dei vere villig til å ofre kommunesenter, slik at Nordfjordeid blir kommunesenter i den nye kommunen.
Snakkar likt
Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) seier til Fjordenes Tidende at dei har opplevd stor forståing frå Eid for at ein må jobbe for å utvikle kommunikasjonen på kysten, og spesielt i Selje.
I tillegg meiner han dei snakkar veldig likt om satsinga på kultur og turisme.