Den nye fabrikktrålaren måtte avbryte fisket før helga og gå inn til Tromsø på grunn av girproblem.

– Det gjekk som venta. Problemet er løyst, seier Atle Vartdal som er prosjektsjef i rederiet.

«Ramoen» fekk delar frå eit gir som var under montering på Rolls-Royce i Ulsteinvik.

– Det var heldigvis ikkje skader nedover i systemet. Så vi slapp med skrekken, seier Atle Vartdal

Mannskapskifte

Rederiet gjennomfører eit planlagt mannskapsskifte måndag.

– Båten dreg ut i dag, og skal vere på sjøen til midten av januar, seier Atle Vartdal.

Skipper Egil Skarbøvik fortel at den første turen gjekk bra, når ein ser vekk frå girproblemet.

– Båten har fungert steikandes godt. Det er ein flott båt å drive sjøen med, seier Skarbøvik.

Jul

No tar han juleferie. Men det gjer ikkje dei som mønstrar på. Dei må fiske både jul og nyttår.

– Det er først gong eg kan hugse at "Ramoen" fiskar i jula. Men det står att ein god del kvotar, og det er store verdiar, seier skipper Skarbøvik.

Prosjektsjef: Atle Vartdal framfor ei av nyvinningane på "Ramoen", ein islandsk filetmaskin som kan produsere beinfri torskefilet.