Kontrollutvala på Søre Sunnmøre har sjekka korleis barnevernet gjer jobben sin i Ulstein, Hareid, Herøy, Volda, Ørsta, Sande og Vanylven. Resultata viser at ingen av dei sju kommunane følgte opp barn under omsorg etter regelverket i perioden 2013-15.

(les rapportane i pdf-filer under)

Langt frå krava

Både barnevernet og ein uavhengig tilsynsførar skal minimum fire gonger i året kontrollere omsorga barna får, og at føresetnadene for plasseringa blir følgt opp.

Dei fleste kommunane er langt frå å oppfylle kravet, og til dømes i Hareid er det ingen av tilsynsbarna som har fått oppfølging i samsvar med lova.

Betre på tiltak

Den overordna problemstillinga ved undersøkingane har vore å «få belyst om barnevernet i kommunen set i verk tiltak i heimen for å hjelpe heimen på best muleg måte, dvs. prøve det som er muleg i heimen til beste for barnet før omsorgsovertaking vert gjennomført».

Rapportane viser at det er noko manglar i tiltaksplanar både før og etter omsorgsovertaking. Situasjonen er likevel betre enn når det gjeld den vidare oppfølginga. Samstundes påpeiker rapportskrivaren at det ligg utanfor prosjektet å vurdere type tiltak og omfang.

Det er også manglar på dokumentasjon om korleis den biologiske familien er følgt opp.

(saken fortsetter under)

Ressursar

Leiar Brynhild Solvang for dei interkommunale barnevernstenestene i Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda meiner det er eit generelt - og landsdekkande - problem at dei ikkje har ressursar til å gjere arbeidet slik styresmaktene forventar.

Samstundes påpeiker ho at dei har teke grep, slik at dei i dag både gjer jobben betre – og har betre oversikt.

Ikkje undersøkt

Blant de 12 kommunane Sunnmøre kontrollutvalssekretariat har ansvaret for, er det ikkje gjort tilsvarande undersøkingar dei siste åra. Sekretariatsleder Harald Rogne opplyser at barnevern er mellom områda ein vurderer å gjere revisjon.

Sekretariatet handterer kontrollutvalgsfunksjonane for kommunane: Ålesund, Giske, Haram, Midsund, Norddal, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven og Ørskog.

(saken fortsetter under)