Kvardagsintegrering er årets ord, ifølgje Språkrådet.

Ordet kvardagsintegrering hadde knapt blitt brukt før statsministeren heldt sin nyttårstale i år. I løpet av året har det blitt brukt så mykje at Språkrådet meiner det heldt til førsteplassen i kåringa av «årets ord».

– Populariteten til ordet kvardagsintegrering viser at det dekkjer eit etterlengta behov for å beskrive innsatsen som vanlige folk gjer i kverdagen for å integrere flyktningar og innvandrarar. Vi trur at dette treffande ordet har kome for å bli i språket, seier Ole Våge, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Sunnmørsposten er mellom dei som har tatt ordet i bruk, seinast i ein reportasje laurdag 26.november. Den handlar om Oddbjørg Egge frå Volda, som har vore flyktningeguide i mange år. Ho dreiv altså med kvardagsintegrering før ordet vart oppfunne.